Vasseturen 2007

Søndag 12. august var avsett til vassetur.  Me vakna tidleg av regnet som tromma hardt på taket, men dette gav seg når me skulle eta frukost.  Klokka 11 var me på parkeringsplassen (Vassenden) og såg at skyene byrja å letta på seg.  Etter ein halv times gange og bort til vassevika, var skyene så godt som vekke og sola varma i kropp og sjel.  13 sjeler var med på turen.  Heil topp tur, men det er plass til mange fleire.


Klokka er 11:00 og vi er klar til å gå på tur

Sopp

Etter kvart kjem sola fram

Her kan ein studera mauren på nært hald

Framme i vassevika

Me riggar oss til

Vindstille på vatnet

Skyene ligg framleis lågt i fjellet, men dei er på veg opp og vekk.

Vasse, vasse, vasse

Første jente uti

Sol, strand og vindstille

Bål og grilling

Og klærne skulle av og på

Fiskestanga vart og prøvd

Nydelig utover reinsnosvatnet

Vassevika

Så kjem dei som kom litt seint (hadde sove lenge)

Idyllisk

Og Rannveig prøver seg i vatnet...

Deeetttte vaaar kkkaaldt...

Etter ei stund er det ikkje så kaldt likavel .-)

Dei fleste prøver seg.

Grillplassen

Masse blåbær var det og, og dei vart plukka av mange hender

På heimveg

Siste bakketopp før me spring ned til parkeringen