Gamlastovo eller "Grannaheim" som ho og heitte, kom frå Espeland tidleg på 1900-talet. Ho er bygd i 1787, og er med det 222 år i 2009. Hallstein Espeland (1905 - 2006)  er den siste som vart født i stova.

 

Det vart oppretta eit styre for huset. Dette styret gav Grannaheim til Skare Ungdomslag i omlag 1920. Ungdomslaget er skipa i 1913 og har brukt stova sidan då. Dei har gjort mange utbetringar og påbygg på huset.

 

Fyrst bygde dei på kjøkken og gang. Så vart golvet utbetra og det vart sett i nye glas.

Sidan ca 1980, då dei måtte riva utedoen fordi byggefeltet kom, vart det bygd på nytt do og kontordel. Og nytt golv att.

Gamlastovo, som er namnet ein nyttar i dag, har vore det mest brukte forsamlingshuset, som det einaste utanom skulen, heilt til Grendehuset kom i 1978.

 

Informasjon om Gamlastova har vi fått av NVIM v/Lars Låte som igjen har henta informasjonen frå Reidun Sekse i Skare. Vi veit ikkje kva årstal dette bilete er tatt, men fotograf er Nils Løyning. Bilete er i arkivet til NVIM. Løyve til bruk av foto har vi fått av Lars J. Låte

Ein av dei store fordelane med å vera medlem
i Skare ungdomslag er mellom anna -30 % 
ved leige av Gamlastovo

Prisliste for leige – 2010

 

-30%

Fest:

1000

700

Dåp, konfirmasjon mm.

750

525

Barneselskap

600

420

Kurs

600

420

Møte

500

350

Leiga er inkl. vask. Dukar er og inkl, men leigar betalar sjølv vask og stryk.

Leigetakar skriv kontrakt med ungdomslaget ved leiga av Gamlastovo. Leigetakar skal vera fyllt 18 år og er ansvarleg for arrangementet. Det er medlemsstatusen til leigetakar som bestemmer prisen.

Dersom det er snakk om t.d.ein ungdomsfest så må ein føresett/person over 18 stilla som leigetakar og ha hovedansvaret.

Konfirmasjonslokale kan tingast maksimalt eit år i førevegen. Høve til å melda seg i tidsrommet  1.-15.mai året før konfirmasjon. Dersom me har fleire interessentar vert det loddtrekning rett etter utgått frist. Dersom konfirmanten er medlem ved loddtrekning får medlemen 2 lodd i potten andre 1 lodd.


Har du behov for å leiga eit attraktivt og ideelt lokale?  

Ta kontakt med
Bjarnhill Auganæs