Årsmelding Skare Ungdomslag 2009

---

Årsmøte sundag 7 februar 2010 kl 19.00

 

Sakslista:

  1. Godkjenning av årsmøteinnkalling og saklista
  2. Val av møteleiar, referent, teljekorps og to til å skriva under protokollen
  3. Opplesing av årsmøtereferat frå i fjor
  4. Årsmeldinga for 2009
  5. Rekneskap 2009
  6. Medlemskontingent
  7. Utleigeprisar
  8. Løyvingar
  9. Val
  10. Utsendingar til årsmøte i HU/NU
  11. Innkomne saker

 

4.Årsmelding for 2009

 

Tillitsvalde i 2009:

Styret:

 

Leiar

Ingrid Dale

Nestleiar

Anita Sæterdal

Kasserar

Bente Skaare

Skrivar

Knut Mjåtvedt

Styremedlemer

Mariann Berge

 

Martin Brekke

Varamedlemer

Sindre Våde

 

Lill Iren Svenning

Husastyret:

Nils Olav Runnane, leiar

 

Margreta Kvåle,utleigekoordinator

 

Åge Paulsen

 

Olav Sekse

 

Salmund Sekse

 

Bunadskontaktar:

Reidun Sekse og Margreta Kvåle

Studieleiar:

Reidun Sekse

 

Revisorar:

Reidun Sekse og Geir Rønningen

Valnemnd:

Ørjan Angell,Ola Espeland og Åge Paulsen

 

Alle tillitsvalde og medlemmer vart kalla inn til planleggingsmøte rett etter årsmøtet. Styret har hatt 4 styremøte i 2009. Mykje av organiseringa av aktiviteten og ein del PR for arrangementa våre går via sms og e-post til tillitsvalde og medlemer. Me prøver å mata heimesideredaktøren, Geir Rønningen, med oppdateringar etter kvart.

Me har ikkje hatt utsendingar til årsmøte i HU eller NU. Men kontakten med sentralledda i NU er god.Ettersom me no er eit svært aktivt og over snittet stort lag i Hordaland , er me etterspurde for å ta på oss større arrangement og tillitsverv sentralt.

Aktiviteten lokalt heime i Skare har vore god veldig stor i 2009.Halve bygda har vore i sving og ikkje mange på medlemslista har vore fri for oppdrag.For å få nok dugnadsfolk er me nøydde til å gå utanom medlemslista.

 

Medlemstalet har vore 101 totalt, av dette 1 æresmedlem og 46 under 26 år.Det vil sei at me har klart å halda på medlemane etter den store auken me opplevde i fjor.

 

Utleiga gamlastovo 2009 ?

Den har vorte utleigd i alt 17 gonger: 4 barnedåpar, 2 konfirmasjonar, 6 møte, 2 bursdagar og 3 andre festlag.

 

Året 2009 har vore eit labert år for husastyret .Vårdugnaden vart utført med 5-6 personar frammøtt, så vart det den vanlege oppryddinga gjort.

Etter loppemarknaden var det vaskedugnad , me vaska golv og vegger og banka putene i sofaene.

Eller så har uteområdet vorte halde stelt av medlemmene i husastyret.

Og utanom dette så har det vore dei vanlege saken som musejakt , kjøkkendørfiksing og flaggheising.

Nye saker som må gjerast med huset er skifting av ovn, vifte på kjøkkenet, male glaskarmar, fikse taket og hogge nokre bjørker  ved flaggstanga.

 

Det er kjøpt inn djupetallerkar og skåler i Gamlastovo. Dei skal verta dekorerte med motivet av Gamlastovo, Gunvor Seljestad er i gang med den jobben.

 

Ungdomslaget har investert i 6 eigne trådlause mikrofonar som vert brukte på lydanlegget. Dette vart gjort etter at Odda Gnist løyvde 25.000 til Ungdomslaget, med den grunngjevinga at laget femna breidt og at ungdomslagsaktiviteten kjem heile Skarekrinsen tilgode. Pengegåva var øyremerkt teateraktivitet, men først overført til vår konto i januar 2010.

 

I år fekk Skare 4H gratis leiga av trådlause mikrofonar som gåva frå ungdomslaget til Haustfesten sin, og vår lydmann Hans Arne Straumsøy hjelpte til slik han alltid gjer når lydanlegget er i bruk.

 

Regelverket for sameiga Felles Lydanlegg vart underteikna i september.Noko diskusjon att og fram om utleiga, men enda med vedtak  om at anlegget kan leigast til bruk innan Odda kommune Lydanlegget er mykje i bruk og er framme ved dei fleste tilstellingane i Grendahuset.

 

Måleprosjektet me hadde i fjor vart avslutta med ein kveld heime hjå Gunvor Seljestad der me sluttførde uferdige målararbeid. Vafler rundt stovebordet høyrde med 7 born og 3 vaksne deltok.

 

 Skirennet vart avvikla i mars på Vetrhus.Det vart ettermiddagsrenn.Bra deltaking , og veret var kjempeflott med fleireminusgrader og blå før. Øyvind Akse fekk nappi vandrepremien i år.Styret var hovudorganisator i år, men tilrår helgaarrangement i ettertid sidan det er vanskeleg om dugnadskrefter som kan ta førebuingane ein vanleg kvardag.15 dugnadstimar.

 

 Loppemarknaden med kafe er blitt ein tradisjon, og gjekk av staben sist i april . Det er alt pågang frå folk som vil gje oss lopper til neste gong.150dugnadstimar?

 

Dansetimar i skulen: Ungdomslaget fekk utbetalt tilskotet for ”Rusførebyggjande tiltak” som Skare skule fekk tildelt. Derfor stiller ungdomslaget med instruktør Ingrid Dale til dansetimar i skulen.Var innom  alle klassetrinna i Skare skule i februar, med oppfølging i mai. Dette resulterte i at barneleikarringen til ungdomslaget (som er lik heile Skare skule) hadde danseframsyning på skuleplassen 17.mai. Laget stillte  som vanleg i 17.mai- toget her i Skare.

 

Vassetur hadde me tenkt å ha i Hildalselva.Vergudane var ikkje på vår sida så det vart ikkje noko av.

 

Det har vore 2 bunadskurs. Med 10 deltakarar på kvar. Eit med lærar Synnøve Aga januar/februar, og eit med Marit Kili okt/nov.Det er stor pågang til disse kursa.Mange deltakarar frå Odda.

Brurabunaden var utleigd til 4-H på jonsokaftan.

 

1 kurs i krotakakebaking på Minne. Lærarar:Reidun Sekse og Margreta Kvåle. 4 deltakarar.16 dugnadstimar.

 

Me har laga krotakakefilm, ein dokumentasjon av tradisjonen. Me søkte kulturminneåret om støtte,og fekk kr 5000 til krotakakefilm. Filmen skal lanserast i februar i Bygdakafeen når me har aktivitetshelg.Filmopptak er gjort i september, då var det baking i 4 eldhus på ei veka, men det står att å redigera.Vert kvaliteten god nok som DVD vil me kunna selja den som opplæringsfilm.30 dugnadstimar

 

Laget har kjøpt inn eige videokamera med stativ, dessverre kom Kråtakakebakinga for brått på til at me fekk gjort opptak av baking med nytt kamera,men det vart nytta til å filma innspurten og framsyningane i teaterlaget.

 

3 lag har vore med i KVEN VEIT. Har halde til i Gamlastovo.

 

Ungdomslaget stod for TV-Innsamlingsaksjonen  i lag med Idrettslaget. Innsamlinga gjekk til Care. Komiteen spanderte Pizza i Gamlastovo  etterpå. 30 dugnadstimar

 

Kanono på Leitet datt ned i sommar. Kommunen truga med å henta ho ned til Odda. Ungdomslaget med Olav Sekse i spissen tok murarskeia i eiga hand og fekk bora, bolta, armert, støypt og heist ho på plass der ho høyrer heime.Etter 4 etappar og ca 20 dugnadstimar var det klart for kanonfest: minst 15 med store og små åt nybakt kringla og drakk kaffi, brus og ”sterk” brus oppunder heldren der kanono står.

 

Laget har i år avvikla 10 spelekveldar,.Ansvaret for kveldane har som vanleg gått på omgang mellom styret, husastyret,aktivitetsgruppa,bunadskontakt, studieleiar og revisor. Frå årsskifte skal spelekveldansvaret gå på omgang mellom dei som deltek. Tillitsvalde skal ikkje automatisk ta seg av dette.120 dugnadstimar.

 

2 diskotekkveldar har det blitt i år .Martin er bas for dette og har no begge gruppene på same kveld, dei yngste tidleg og dei eldste kjem seinare på kveld.24 dugnadstimar.

 

I haust truga rådmannen nok ei gong  med å leggja ned badet i Skare. Ungdomslaget var representert då Bygda heldt samrådingsmøte.

 

 Me hadde Haustfest (150 dugnadstimar) 17.oktober,denne gongen med ambulerande skjenkeløyve.For å få til dette vart festnemnda på heile 22 personar;4 på kjøkkenet,7 vakter, 4 i baren, leiaren som festleiar og skjenkeansvarleg og 6 konfirmantar serverte.Sølvsuper spela til dansen, og økonomisk gjekk festen i balanse.Reidun Sekse skreiv og framførte Dølen.

 

Dagen før haustfesten heldt Ingrid og Hallstein 3 timar Fyrstehjelp i dans. Dette er starten på ungdomsatsing på dansefronten.Swingkurs står for tur i februar.

 

Grasrotmidlar. Ungdomslaget var fyrste laget i bygda til å registrera seg i frivilligheitsregisteret i Brønnøysund.Dette har medfører gode inntekter, kr 23.466 i 2009, pengar me ikkje før har hatt.Kjem vel med no som syen er lagd ned og dermed ingen årleg basar.

 

Teaterlaget i Skare tel bortimot 30 born og ungdomar. Dei vaksne  leiarane er Sigrid Mæland, Hans Arne Straumsøy, Ingrid Dale, Anne Gunn Riise, Reidunn S Johansson, Åse Berit Børve og Martin Brekke.Frode Mæland trør til når ljos skal styrast.Erlend Brekke, Sindre Våde og Inge Johan Johansson var scenearbeidarar.

 

I januar gjekk me i gang med nyinnøving av ”Hjelp det spøkjer”, me hadde framsyning i Odda Kino i midten av februar for 1.-4. klasse på Odda Barneskule. Kjempesuksess med over 350 i salen i tillegg til 40 publikumarar på generalprøve. Fekk dekka utgiftene , men tente ikkje pengar på dette.

 

2.helga i februar hadde me dramaseminar med 3 instruktørar ,Hanne Amalie Smedstad, Åsgeir Almvik og Jon van Tidemand frå Larvik. Denne helga var berre leik og moro, men avslutta med framsyning for foreldre og familie. Lærerikt og ei god ballast som nok heva kvaliteten på ”Hjelp det spøkjer” i kinoen 4 dagar seinare.Me klarte og å samla inn nok smalahovud til dei tre austlendingane som hadde veldig lyst til å smaka lokal mat.

 

Teaterlaget var så motiverte for å gå i gang med nytt stykke. Me valde musikalen ”Sirkusprinsesso” som Niels Petter Solberg har skrive og regisert. Starta ved påsketider arbeidet med å omsetja manus til nynorsk, Ingrid tok replikkane og samarbeidde med Sigrid om songane.7. mai var desse to, pluss Hans Arne og den nyverva Reidunn til Haugesund og Niels Petter Solberg for å læra regi, scenografi og songar. I mai og juni vart det songøving, koreografi, rolletildeling, manus delt ut  og leseprøvar.

Fyrste helga etter skulestart hadde me seminar i Skare med regisør.Øvde så kvar sundag fram til haustferien, i haustferien vart det arrangert gruppeøvingar.

 

Kulissemålarane våre, Margit Ås Løyning og Per Angell med Gunvor Seljestad i spissen, brukte heile haustferien i Grendahuset.Det vart 7 kjepphestar, måne, sirkuscamping, stova og Sirkusprinsesso med løvo Lukas på skuleplassen i Skare.Sistnemnde vart brukt som plakat,på billett , annonse og motiv på T-skjorta. Hallstein S Skare snikra ny trapp som er god å gå i, den vart måla i knallfargar. Trappa skal målast nøyral   og kunna nyttast seinare sidan ho passa i hengslene på scenekanten. Eivind Børve og Hans Arne lagde nye kulisseråmer og trekte med lerret.

 

Etter 4H sin haustfest var det innspurt.Me fekk med oss Helge Tverdal 2 gonger, ei kveldsøving og heile søndagen helga før premieren.Det henta fram det ”vesle ekstra” av motivasjon og gnist, og løfta resultatet monaleg. Det vart suksess på premiere 31.oktober, avvikla i alt 4 framsyningar med til saman 301 publikumarar. Me fekk god omtale i HF. Det vart vel spennande premierehelga, med svineinfluensa som banka på døra. Heldigvis råka det ikkje hovedrollar og me greidde setja ei danserinna til å ta dobbelrolle eine dagen.Veka etter låg halve Skare skule sjuke.

Hadde me hatt kapasitet hadde me tatt Sirkusprinsesso med til Odda kino etterpå, men leiarane måtte prioritera annleis.

 

3.-4.desember fekk me besøk av Omreisande teaterinstruktør i NU;Jan Fredrik Grøndal Henriksen og ein musikar. Kulturkonsulenten i NU Ida Marie Holmin slo fylgje for å sjå kva laget vårt driv med. NU kosta på oss dette mot ein eigenandel på kr 1000, berre 10 lag i heile landet får slikt besøk.

Når me fekk innvilga søknad om omreisande teaterinstruktør hadde me alt lagt opp løpet med Sirkusprinsesso og Niels Petter Solberg. Derfor innleia me i samråd med NU eit samarbeid med Skare skule der dei fekk to heile skuledagar med ”vår” instruktør, desse to dagane øvde dei på programmet til Bygdakvelden. På dette viset fekk heile skulen dramaundervisning, og det viste att på Bygdakvelden.

Torsdag og fredagkvelden var dei vaksne i teatergruppa på kurs. Leika oss med drama, improvisasjon og me lo veldig mykje, 8 var med om kvelden. Denne utdanninga  kjem godt med i arbeidet vidare, for me vil halda fram.

Også denne gongen serverte me smalahovud til besøket vårt.

 

Så tok teaterlaget jolaferie, grunna fullteikna kalendar utsette me etterpåfesten for teaterlaget til over nyttår.

Teaterleiinga og kulissearbeidet har me køyrt som studiering med stønad frå Folkekulturforbundet.minst 1800 dugnadstimar i teaterlaget.

 

14.november arrangerte me Teatertur til Haugesund, me såg  Snøkvit og de sju dvergane. Jolahandel på Amanda fekk me og tid til. 33 born og vaksne var med. Salmund Sekse køyrde bussen me leigde av Rune Lee, men laut supplera med 3 privatbilar. 20 dugnadstimar.

 

Styret hadde tenkt å avvikla ei aktivitetshelg med bakekurs,dansekurs,bygdakafe og barneleikfest november, grunna tett program vart den utsett til over nyttår.

 

Jolabingo hadde me 1. sundagen i desember, mykje folk og bra overskot .20 dugnadstimar.

 

 

Gunvor Seljestad ilag med leiaren stod i spissen for å laga ein liten jolaverkstad ein laurdag føremiddag i desember.60 dugnadstimar. I fjor var det 6 stykker med på målekveldane og omfanget ikkje så stort, i år ville me støypa gipsfigurar til å  måla på i tillegg til steinar Gunvor henta frå elva.

3 dagar før dagen var påmeldinga 30 og auka til 40 neste døgn. Øysann-hadde berre tenkt eit lite prosjekt me J

Me  tømde gipslageret i Odda og støypte i løpet av eit døgn 125 figurar av 8,5 kilo gips, me var heilt tørre i halsen.Former fekk me låna av skulen. Masse penslar måtte handlast inn, gamle voksdukar gravast fram og ekstramannskap til å hjelpa til laut hankast inn.8 hjelparar i alt var i sving.

Med omhyggeleg bordplassering, dei under skulealder sat på kjøkkenet, vart det ikkje så altfor kave i Gamlastovo, ungane i alderen 1 år til konfirmantar kosa seg. Nokon var masseprodusentar medan andre fekk fram flotte detaljar på ein einaste figur. Mange fine gåver til jol.

Me avrunda det heile med Risengrynsgraut med mandel.

 

 

Me fekk tilsendt Hardangerjol også i år, selde berre 23 stk. Mange arrangement i desember, og me vart seint ute med salet og mange hadde alt kjøpt i Moen. Motivasjonen litt lunken då me berre tener kr 15 pr blad.

 

Jolatrefesten vart i år arrangert i Grendahuset.25 dugnadstimar. Magne Digranes spelte piano og Synne Mæland og Renate song kvar sin song. Britha Sandal leia festen. Reidun Sekse fekk påskjønning for å ha halde denne festen i gang i alle år, denne gongen gjest utan oppdrag for fyrste gong.Triveleg fest og hektiske 2 timar, alle var flinke til å syngja med rundt jolatreet.Me serverte vafler og kakao , mandariner stod på bordet . Ukjend nisse kom med godtepose til slutt. Stor oppslutnad med 49 born og 25 vaksne billettar.

 

Eit godt år med mykje aktivitet der rekruttering står i sentrum. Me fekk kr 40 000 i Frifondtildelinga frå NU til arbeid med born og ungdom opptil 26 år.

 

 

6.Medlemskontingent

Framlegg frå styret om å halda på to medlemskategoriar. Barn/Ungdom under 18 år kr 150,-, og Vaksne( frå det året du fyller 18 år) kr 250,-.På denne måten går kontingenten nokonlunde balanse. I staden for å auka kontingenten i barnelaget vil me nytta eigenbetalinga ved t.d. matservering og matrialkostnader.Samstundes vera flinke til å søkja om Frifondmidlar og andre tilskot.

Laget spanderer gratis medlemskap det året du er konfirmert.

 

7. Utleigeprisar

 

8. Løyvingar 

 

9.Val

 

 

Styret:

Berre personval på leiar og kasserar, elles konstituerer styret seg sjølve

Verv

Namn

Merknad

Valperiode

 

Leiar

 

Ingrid Dale

På val

Veljast for 1 år

Nestleiar

 

Anita Sæterdal

Ikkje på val

Har 1 år att

Skrivar

 

Knut Mjåtvedt

Ikkje på val

Har 1 år att

Kasserar

Bente Skaare

På val

Veljast for 2 år

 

Styremedlem

 

Martin Brekke

Ikkje på val

Har 1 år att

Styremedlem

 

Mariann Berge

På val

Veljast for 2 år

1.varamedl. til styret

 

Lill Iren Svenning

På val

Veljast for 1 år

2.varamedl. til styret

 

Sindre Brekke Våde

 

På val

Veljast for 1  år

Husastyret:

 

 

 

 

Nils Olav Runnane

På val

Veljast for 2 år

 

Margreta Kvåle

Ikkje på val

Har 1 år att

 

Åge Paulsen

Ikkje på val

Har 1 år att

 

Olav Sekse

  val

Veljast for 2 år

 

Salmund Sekse

Ikkje på val

Har 1 år att

 

 

 

 

Bunadskontaktar:

 

 

 

 

Reidun Sekse

På val

Veljast for 1 år

 

Margreta Kvåle

På val

Veljast for 1 år

 

 

 

 

Studieleiar

Reidun Sekse

På val

Veljast for 1 år

 

 

 

 

Revisorar

Reidun Sekse

På val

Veljast for 1 år

 

Geir Rønningen

På val

Veljast for 1 år

 

 

 

 

Spelekveldansvarleg

 

Nyoppretta tillitsverv

Veljast for 1 år

 

 

 

 

Heimesideansvarleg

 

 

Veljast for 1 år

 

 

 

 

Valnemnd

Ørjan Angell

Ny person skal inn

Veljast for 3 år

 

Åge Paulsen

Ikkje på val

Har 1 år att

 

Ola Espeland

Ikkje på val

Har 2 år att

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

11.Innkomne saker

1.       Byta bank for laget, mykje krøll med postbanken.

2.       Materialforvaltar teknisk utstyr kunne trengjast