Tenk kor heldige Skaringane er;

·         me har ungdomslaget der du kan melda deg inn som barn og halda fram so lenge du lever.

·         me har hus å halda til i.

·         me kan driva med nett det me vil. 

 

I skrivande stund har me 99 medlemer på lista vår, det er plass til fleire.

 

I haust skal me jubilera! Skare Ungdomslag feirar 95 år. Me går ein travel haust i møte, for laget ynskjer å laga aktivitetar for alle og einkvar  i bygda vår.

Etter mange år i dvale vert det storsatsing på teater for born, 25 ungar skal vera med på musikaloppsetjing. Me vil laga dansekurs for barneskuleelevar. Me prøver å etablera møteplass der hobby står i fokus. Handarbeidskveldar kallar me det, og me møtest annakvar torsdag i partalsveker. Det vert og tilbod om kurs i tradisjonsmat.

 

Det heile toppar seg dei to fyrste helgene i november: Set av tid no!

Fyrste helga der me kombinerer kurs, tevlingar, spel, basar, bygdakafe og leikfest for born. Andre helga vert det berre fest, med premiere og ekstraframsyningar på musikalen ”Hjelp det spøkjer”, og jubileumsfest for dei vaksne.

 

Dei vanlege aktivitetane går som før: Spelekveldar, diskotek for born,  bunadskurs, jolabingo og jolatrefest for å nemna noko.

 

Alle er velkomne til å vera med ! Det er ikkje noko krav om medlemskap, men er du medlem er det 30% avslag på billett, kurs og husleiga.

 

Ta gjerne kontakt med oss, og du kan sveipa innom heimesida vår www.skareul.no som me oppdaterer fortløpande. Laget vårt prøver å hanga med i mediesvingane og nyttar mykje sms og e-post når informasjon skal kringkastast til medlemer.

 

Håpar haustprogrammet er noko for deg. Der folk møtest er det kjekt å vera!

 

Beste helsing Ingrid Dale, leiar i Skare UL



Hausten 2008 i Skare UL

 

4. sept:     Handarbeidskveld

5. sept:     Spelekveld

5.-7. sept:        Teaterseminar (påmelding)

18.sept:    Handarbeidskveld

20 sept:     Kråtakakekurs  på Minne

25.sept:    Oppstart bunadskurs (8 kveldar, Marit Kili er lærar)

2. okt:       Handarbeidskveld

3. okt:       Spelekveld

16. okt:     Handarbeidskveld

30. okt:     Handarbeidskveld

1.- 2.nov:        Marknadshelg (sjå eige program)

7. nov:      Spelekveld

8. nov:      Jubileumsfest (sjå eige program)

13. nov:    Handarbeidskveld

27. nov:    Handarbeidskveld

30. nov:    Jolabingo

4. des:      Handarbeidskveld

5. des:      Spelekveld

11. des:     Handarbeidskveld

29. des:    Jolatrefest

 

Spelekveldane tek til kl 20.00, Handarbeidskveldane kl 19.30.

                            Alle er velkomne!

Me lagar til diskotek 2 kveldar, etter jubileumsfesten

 

Me tek atterhald om at detaljar i programmet kan verta endra. Fylg med på plakatar (me har eiga tavle i Moen), lysingar og heimesida vår.

Jubileumshelg 1.-2. nov

 

Laurdag 1.nov. i Skare Grendahus.

12:00-17:00 Bygdakafe, sal av jubileumslodd i kafeen

10:00-16:00 Kurs i å laga Grynasteik

12:00-14:00 Handarbeidskurs: Makrame- og perlesmykke

12:00-14:00 Handarbeidskurs: Brigding av sokkaband

13:00-16:00 Tevlingar: Pilkast, Ringspel og kaste på boksar  m.m

12:00-14-00 Dansekurs: Reinlender ,polka, ril og vals

16:00-17:00 Skarequiss: Inge Reinsnos lagar spørsmål

17:00 - 19:00 Borna sin jubileumsfest. Ein fest der me dansar og leikar. Pynta deg litt og ta med heile familien på fest. 

 

Sundag 2.nov. i Skare Grendahus.

12:00-17:00 Bygdakafe, sal av jubileumslodd i kafeen

10:00-13:00 Kurs i  Potekakebaking

13:00-16:00 Tevlingar:Pilkast, Ringspel og kaste på boksar m.m.

11:00-13-00 Dansekurs: Country Linedance NB! Ny tid

13:00-16:00 Kurs i Nordlandslefsebaking

16:00 ”Mini Basar”. 2 omg med åresal og trekking av Jubileumslotteriet vårt

 

Påmelding til matkurs innan sundag 26.okt, Brigding av sokkaband innan 29.okt

 

Dansekursa er for alle som har lyst å læra seg å dansa,  ungar frå 5.klasse til ungdomar og vaksne . Me vil gjerne ha eit lite vink på førehand

 

Vend deg til til Dagmar 901 47 438 eller  til post@skareul.no  for påmelding og andre spørsmål

 

Alle velkomne !

www.skareul.no

  

Laurdag 8.november:

Premiere på barneteateret kl 15.00

 

Jubileumsfest:

Underhaldning og mat. Dans med Sølvsuper.

Påmeldingsfest, aldersgrense 9. klasse.

 

Sundag 9. november:
Ekstraforestilling barneteateret