Her er ei oversikt over aktivitetane planlagt for jubileumshausten:

Teater

5.6.-7.september:
Teaterseminar med regissør Niels Petter Solberg frå Haugesund, oppfølging ein dag i veka til framsyning i november. Dei vaksne leiarane og eldste borna skal ha ein tur til Haugesund med Solberg.

Ca 25 ungar er påmelde, dei yngste skal vera med på song og dansenummer, medan dei eldste skal bera teksten .

Kari Kili, Martin Brekke, Sigfrid Skare og Ann Kristin ”Akse” er mellom leiarane so langt. Ingrid administrerer ein del.

Det er søkt om frifondmidlar. Me bør søkja om meir kulturmidlar og jaktast på sponsorar.

Sy - handarbeidskurs

Ein gong i veka ut oktober: oppstart 1.veka i september (8 +1)

Tema: Reidun, Margreta og Ingrid tek hand om dette

Dei som deltek betalar ein kveldspris ,eller heile kurset (billegare) under eitt.30% avslag for dei som betalar medlemsskap. Kursmateriale kjem i tillegg om ein ikkje har med seg. 

Bunadskurs

Mogeleg at det bør starta opp etter jubileumet pga dobbelbooking med handarbeidskurs.

Kurs

Frå heilt slakt til maten er på bordet

leming, salting, smalahovesviing og røyking av smalakjøt

Påmelding i september, leggja opp detaljplan etter kor mange som vil delta.

Søkja om vo-midlar studieplan rett etter påmeldinga

2 vekers opplegg med planlegging, organisering av arbeid, innkjøp og gjennomføring

Kurset i Oktober månad.

LAN

Helg i samband med haustferien, utsett til vinterferie. Detaljopplegg etter påmeldinga.

 

Marknadshelg:

laurdag 1. og sundag 2.november

(Dansekurs for born i skuletida , ungdomslaget spanderer (innleigd instr. Som og leier leikfesten for born)

Laurdag:

Kl 10.00 Kurs i Grynasteiklaging

Kl ? Kurs i Makramesmykke og Brigding av sokkaband

Kl 12.00 kurs i Linedance (2 timar)

Kl 15.00 kurs i Reinlender(1time)

Kl 16.00-17.00 Skarequiss

Kl 14.00-17.00 Tevlingar og aktivitetar: Pilkast, Skyting,Ringkasting, Ballkasting på boks el hovud, lykkehjul, fiskedam

Kafedrift frå kl 14.00-17.00

Loddsal på jubileumslotteriet i opningstida til kafeen

Kl 17.00 -19.00 Leikfest for Born: program  Musikk og dansedel av Barneteaterforestillinga ,

Sundag:

Kl 10.00Kurs i Potetkakebaking

Kl 13.00 Kurs i Nordlandslefsebaking (Gamlastovo)

Kl 12.00 Kurs i Polka (1 time)

Kl 14.00 Barneteaterforestilling

Kl 15.-17.00 Tevlingar og aktivitetar: Pilkast, Skyting, Ballkasting på boks el hovud, lykkehjul

Kl 17.00 Åresalg (2 omgangar) og trekking av jubileumslotteriet

Kafedrift frå kl 13.00-18.00

Loddsal på jubileumslotteriet i opningstida til kafeen

Førearbeid:

Synfaring på Grendahuset 1.helga i september for å avgjera kva som skal vera kor.

Ansvarsdeling:

Tevlingar og aktivitetar: aktivitetsnemnda m.fl

Dansekurs: Ingrid

Matkurs: Margreta

Bileteframsyning: Geir

Kafe: Reidun, Mariann, May Anita

Rydd og rigg: Ola Espeland?

Pynting: ??

PR: ??

Innkjøp/økonomi: Dagmar

Skarequiss: fleire lagar spørsmål: ??

Jubileumsfest laurdag 8.november

Premiere på barneteater kl 15 og middag for aktørane.

 

Vaksenfesten:

Underhaldning; talar og ”DØL”, allsong evt. annan underhaldning

Mat: Røykjekjøt og korv og dessert, kaffi, kaker, veitlagraut

Dans med Sølvsuper

Påmeldingsfest og ikkje skjenkeløyve aldersgrensa 9.klasse

Nemnd: Mariann Berge m fleire

 

Ekstraforestilling barneteater sundag

 

Påmelding:

Påmelding til alle kur s kan skje til Dagmar LIen.  Ho er påmeldingsentral til kurs, fest m.m.  De kan ringja eller senda sms til hennar mobil . Elles er det greit å senda e-post til post@skareul.no