Å, fagre Skare

Tekst: Erling Lundal
Mel: Å Vestland, Vestland.

 

Å, fagre Skare, du er bygda vår,

som leikar i vår hug kvar enn me går.

Du er vår heim, her vil me høyra til.

Av heile hjarta me deg fagna vil.

 

Du ligg så lunt imellom høge fjell,

med hus og heim, på voll, i bakkehell,

der bjørk og furu veks i bratte li,

og haren hoppar rundt så glad og fri.

 

Her ser me høge Tveitanut i aust.

I vest ris Øktarnut så stø og traust.

I sør me Middagsnut og Nonsnut ser.

Dei alle står som vakt om bygda her.

 

Her våre fedrar rudde seg ein gard,

og son tok over etter gamle far.

Her levde dei i glede, sorg og sut,

Den fagre jenta og den spreke gut.

 

Me vil og rydja her bygga og bu,

mot Skarebygda alltid vera tru.

Me vyrdsla vil vår jord med plog og harv,

og verna om vår kjære fedrearv.


Tveitanuten med Folgefonna i bakgrunnen